Eit
vasskraftverk er eit
kraftverk som omformar den statiske energien lagra i eit vassmagasin (feilaktig kalla «
vasskraft») til elektrisk energi. Vatnet vert leia gjennom røyr frå magasinet til kraftverket. Vatnet i røyra har stor fast og den statiske energien som er lagra i vassmagasinet går over til dynamisk energi i røyret før den når turbinane. Turbinane omformar den dynamiske energien i vatnet til mekanisk rotasjonsenergi, som driv
elektriske generatorar, som omformar den dynamiske rotasjonsenergien til elektrisk energi.