Varmestråling er
elektromagnetisk stråling ut frå ei flate eller ein lekam på grunn av
temperaturen til lekamen.
Infraraud stråling frå ein vanleg omn er døme på varmestråling, det same er lys som stråler frå ein
glødelampe. Varmestråling oppstår når varme frå rørsla til ladde partiklar i
atom vert omforma til elektromagnetisk stråling. Den utstrålte bølgjefrekvensen til varmestråling er ei sannsynsfordeling som berre er avhengig av
temperatur, og for ein
svart lekam er han gjeve ved
Planck si lov for svartlekamstråling. Wien si forskyvingslov gjev den mest sannsynlege frekvensen til den emitterte strålinga, og Stefan–Boltzmann-lova gjev varmeintensiteten.