Eit
strengeinstrument er eit
musikkinstrument som bringer fram tonar ved hjelp av strenger som vibrerer. Anslaget på strengene skjer gjerne ved bruk av eit
plekter, ein hammar som slår på strengen, ved ein boge, eller bare ved bruk av fingrane. Den eine handa blir vanligvis brukt til å trykke ned strengen på varierande posisjonar på instrumenthalsen, noko som varierer vibrasjonslengda på strengen, og dermed hevar eller senker tonen. Eksempel på strengeinstrument som er bygga på denne måten er
gitar,
fiolin,
bratsj,
cello, sitar,
bassgitar,
lutt,
mandolin, og
banjo. Talet strenger for denne typen strengeinstrument varierer frå om lag fire til tolv.