Eit
reklamebyrå er eit firma som sørgjer for tenester og produkt innan markedskommunikasjon og
reklame. Kundane er
organisasjonar, bedriftar og andre som treng hjelp til å planlegge og gjennomføre profesjonell audiovisuell og visuell kommunikasjon overfor ei bestemt målgruppe. Oppdraga kan derfor omfatte alt frå internasjonale reklamekampanjar og
grafisk og anna profilering til klistremerke, annonseutforming og vevdesign. Yrkesgrupper som arbeider i eit reklamebyrå, er blant anna
markedsøkonomar, tekstforfattarar og grafiske designarar.