Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå
katolisisme til
protestantisme i delar av Europa på
1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av
Martin Luther, som skal ha slege opp sine 95 tesar på
kyrkjedøra i Wittenberg den
31. oktober 1517. Luther understreka kor viktig den individuelle trua er i høve til sakramenta og vekt på gode gjerningar. Han plasserte menneska meir direkte i høve til
Gud enn kva ein gjorde i den katolske kyrkja. Reformasjonen spreidde seg etter kvart frå
Nord-Tyskland til
Skandinavia,
Sveits og
Frankrike. I
England oppstod det parallelt ein reformasjon grunna i politiske omsyn, som etter kvart tok mykje av den same leia som reformasjonen på kontinentet.