Parsisme, òg kalla
zoroastrisme og
mazdaisme, er ein
religion som tradisjonelt blir rekna å ha vorte etablert på grunnlag av ein eldre,
polyteistisk religion av
Zarathushtra kring
1000 fvt. Ut frå mangelen av tidlege skriftlege kjelder meiner ein del religionshistorikarar at parsismen kan ha vorte grunnlagd så seint som kring
600 fvt.). Namnet «parsisme» heng saman med det geografiske/kulturelle området «Persia», namnet «zoroastrisme» er avleia av namnet «
Zarathushtra», og namnet «mazdaisme» kjem frå det parsiske namnet på
Gud — «Ahura Mazda».