Palestinarar er i moderne språkbruk oftast bruka som nemning på hovudsakleg
muslimske og i mindre grad
kristne,
arabiskspråklege grupper med bakgrunn frå det sørvestlege
Levanten — hovudsakleg
Israel,
Vestbredda, vestlege delar av
Jordan,
Gazastripa og tilgrensande område i
Egypt. Inntil tida etter
Andre verdskrigen inkluderte omgrepet òg
jødar — både
sefardiske og mizrahiske jødar, med dokumentert lokal busetnadshistorie i over eit halvt tusen år, og
askenasiske jødar, som hovudsakleg kom flyttande til området frå
1800-talet av. Desse gruppene inngår òg i
PLO sin definisjon av palestinarar, med atterhald om at dei lyt ha budd i området "før den sionistiske koloniseringa tok til" (jamfør PLO-charteret) eller vera direkte etterkommarar på farssida etter folk som budde i området "før den sionistiske koloniseringa". I PLO sitt program for ein demokratisk og sekulær stat vert dette vegskiljet sett ved Balfour-deklarasjonen i 1917. I varierande grad har omgrepet òg vore bruka om
samaritanarar, druzarar og mange andre etniske og/eller religiøst definerte grupper.