Opphavsrett er den retten skaparen av eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk åndsverk har til verket. Opphavsretten oppstår automatisk når det skapte verket oppnår verkshøgd, og treng ikkje blir hevda gjennom registrering eller liknande. Det er heller ikkje noko vilkår for å hevde opphavsrett at ein merkjer utgivingar av verket med
copyright-symbolet (©). Når dette likevel ofte blir gjort er det for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg med omsyn til utnytting av verket. Opphavsretten vernar utforminga av verket, men derimot ikkje idear, teknikkar, kunnskap eller metodar. Det er måten ideane, kunnskapen og metodane kjem til uttrykk gjennom opphavsmannen sin skapande innsats som blir verna, ikkje ideane, kunnskapen eller metodane i seg sjølve.