Oljefelt er eit område (eller reservoar) i berggrunnen som inneheld
petroleumsressursar i form av
råolje. For å få tak i olja, må det borast oljebrønnar. Deretter må olja pumpast opp av reservoaret. Då eit oljefelt kan ha stor utstrekning, vil det ofte vera naudsynt å bora mange brønnar for å få opp olja. Ein nyare teknologi for å få opp mest mogleg olje frå eit oljefelt er avviksboring, boring i ulike vinklar. Ved mange høve vil det finnast
naturgass og
naturgasskondensat i tilknytting til oljefelta.