Okkupasjon er eit omgrep i folkerett som viser til ein tilstand der eit
land hærset eit anna land, eller ein del av det, og kontroller det utan å ta suverenitet over landet. Okkupasjon kan dimet skiljast frå
annektering, det landet som annekterer tek suvereniteten. I moderne tid er omgrepet òg brukt om ein tilstand der eit land hevdar suvereniteten utan at andre land går god for det. På folkemunne er ordet òg brukt i samband med tilstandar der eit land har teke kontroll over eit anna på ein måte som ein reknar som urettferdig.