Navigasjon (frå
lat. navis, 'farkost') er kunsta å navigera, det vil seia å bestemma posisjonen, kursen og
farten og planlegga ruta til ei
fargreie i fart. Til navigasjon trengst det kunnskap om metodar for å fastsetje posisjon, om
kart og referansesystem, om tekniske hjelpemiddel som
kompass, peileutstyr, logg,
merkesystem og om lokale tilhøve der seglasen går som
tidevatn og straum. Navigatørar innan kystnavigasjon, navigasjon på opent hav og flynavigasjon nyttar nokre felles kunnskapar, men er òg spesialiserte for sin disiplin.