Nattsvermarar eller
nattsommarfuglar er namnet på
sommarfuglar som flyg om
natta eller i
skyminga. Omgrepet går tilbake på ei eldre, pragmatisk inndeling av sommarfuglar i natt- og dagsommarfuglar. Men til forskjell frå dei sistnemnde er ikkje nattsommarfuglar noko
naturleg gruppe. Gruppa er òg svært ueinsforma og samansett. Namnet gjev heller ikkje noko fullgod skildring av åtferda til gruppa, sidan det finst somme «nattsvermere» som er dagaktive, og nokre «dagsommarfuglar» som er nattaktive. Omgrep nattsvermar er likevel framleis i bruk, om enn ikkje lenger i det biologiske fagspråket.