Nasjonsbygging er den prosessen sentrale styremakter i ein
stat set i gang for å standardisera og einsretta folkesetnaden for at dei skal verta éin samla
nasjon. Med utgangspunkt i
nasjonalismen på
1800-talet, vart
nasjonalstaten sett på som den ideelle
samfunnsforma, der
etnos og demos fell saman, og heile folkesetnaden kjenner eit sams hopehav med tanke på slike samlingsmerke som
mål,
religion,
soga,
kulturarv og
etnisitet. Nasjonsbygging går ut på å
skapa ei forståing om at ein har desse kjenneteikna saman, ved å velja ut nokre nasjonale standardar og einsretta samfunnet etter dei. Til dette brukar nasjonsbyggjarane nasjonale merke som
flagg,
nasjonalsong,
nasjonaldag, nasjonale
mytar og kanskje ein sams symbolsk
konge for heile landet, og
idéen om at folkesetnaden er éin nasjon vert medvite inkorporera gjennom
skulen,
statskyrkja,
fyrstegongstenesta og statlege
media.