Det er vanleg å meine at alle
menneske er oppdelte i
grupper ein kan kalle
nasjonar. Dei som tilhøyrer desse, skil seg frå andre ved ein felles
identitet. Definisjonane av denne identiteten er svært vage: To menneske kan vere skilde av ulike personlegdomar, trussystem, geografisk stad, tid og jamvel talemål, og likevel sjå seg sjølve og bli sedde av andre som medlemmer av same nasjonen. Det blir ofte hevda at dei som tilhøyrer ein nasjon deler visse trekk og åtferdsnormer, visse plikter overfor og eit visst ansvar for handlingane til medlemmene i same nasjonen.