Ein
milits er ein organisasjon av stridande som består av folk som elles er sivile, i motsetning til ståande
hærar av heiltidssoldatar, anten dei er
vernepliktige eller yrkessoldatar. Å avskaffe ståande hærar har vore ein ide på
venstresida heilt sidan slutten av
1700-talet, fordi dei ståande hærane ofte har vore lydige reiskapar for udemokratiske makthavarar. Tanken var at ein milits av vanlege folk med eit sivilt liv ikkje på same måten kunne brukast mot eiga befolkning eller til angrepskrig. Mellom andre tyske
Rosa Luxemburg og franske
Jean Jaures har gått inn for omdanning av det tradisjonelle militærvesenet til ein milits, som ledd i ei gjennomgripande
demokratisering av samfunnet. I
Noreg har vi ein milits i det norske
Heimevernet.