Kulturlandskap er landskap som er blitt forma av
menneske i noko grad. Område som er heilt upåverka av menneskeleg aktivitet kan kallast
urlandskap, men slike finn ein knapt på jorda i dag. Det er vanleg å bruka nemninga
naturlandskap om område der
naturlege økosystem dominerer, og kulturlandskap om område der økosystema er vesentleg endra og menneskelege innslag er godt synlege. Kulturlandskap spenner frå lite påverka område der til dømes
nomadar held til, til
byar og
parkar som er nesten heilt forma av menneske.