Kallenamn er
namn som ikkje er gjevne formelt, men blir brukte i tiltale eller omtale i visse samanhengar. Menneske, dyr, stader og ting kan ha kallenamn, og ein finn dei i ei rekke ulike samfunn, men dei er meir utbreidde i somme. Kallenamn kan lagast på ulike måtar, til dømes som kjælenamn eller aukenamn, etter eit standardisert mønster eller ved eit tilfelle. Dei kan ta utgangspunkt i formelle
føre- og
etternamn, stilling eller eigenskapar til den dei nemner. Kallenamn kan ganske enkelt vera ein måte å få lettare ord å seia på, men kan også brukast til å skapa samhald innan ei gruppe eller til
mobbing. Medan kallenamn kan vera flyktiga, kan dei òg gå over til å bli faste namn.