Julebukk eller julegeit er eit fleirtydig omgrep med røter i førkristen
juletradisjon og bondekultur. Julebukk var dels namnet på
geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp då, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person. Julebukk viser au til «å gå julebukk», altså å kle seg ut og gjennom opptreden be om mat og drikke i romjula. Det finst liknande skikkar i heile Europa. Ein bruker også framleis bukkar til å
pynta til jul, særleg i form av store og små halmbukkar.