Hydrogenbinding er ei
kjemisk binding som eit svakt elektropositivt
hydrogenatom i eit
molekyl dannar med
elektronegative atom som
oksygen,
nitrogen og
fluor i eit anna molekyl. Eit hydrogenatom er svakt elektropositivt når det er
kovalent bunde til eit elektronegativt atom. Hydrogenbindinga skjer ved at svakt elektropositive og elektronegative delar av ulike molekyl vert trekte mot kvarandre. Slike bindingar kan òg verka mellom ulike delar av
store molekyl. Det er hydrogenbindingar som held basepara i
DNA saman.