Hjuldyr er ei
rekke protostome pseudocoelomate
dyr som lever i vatn over heile verda. Gruppa vart først beskriven i
1696 av John Harris, sjølv om mange kjelder nemner Anton van Leeuwenhoek. Hjuldyra er vanlege i
ferskvatn over heile verda, men det finst òg nokre få
saltvassartar. Nokre av dei sym fritt i vatnet og er
planktoniske, andre kryp rundt på botnen og atter andre er fastsitjande dyr som anten lever i røyr eller heldt seg fast. Om lag 25 artar er koloniale, desse er anten fastsitjande eller planktoniske. Dei fleste hjuldyr er 0,1-0,5 mm lange og såleis berre synlege i mikroskop.