Gravferd er ein
seremoni knytt til at nokon er
død. Ho er ofte bygd opp rundt det å gje slepp på leivningane til personen, til dømes ved at dei blir lagt i ei
grav eller
kremert. Ei gravferd kan i mange høve ha
religiøst innhald, men det finst òg
sekulære seremoniar knytt til døde. Gravferda kan brukast til å minnast den avdøde på, og kan vera ein viktig del i ein sørgeprosess. Ho kan også vera ein måte å visa
status på, til dømes ved å vera påkosta og ha stort oppmøte av folk eller det motsette.