Gresk (Ελληνικά,
IPA [e̞ˌliniˈka], 'hellensk') er ei eiga grein av
indoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske i
Hellas,
Kypros,
Bulgaria,
Albania og
Tyrkia. Det finst òg mange greske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes i
Melbourne i
Australia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etter
Aten og
Thessaloniki.