Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av
mineral og utgjer opp til 60
v jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan óg opptre som kompakte mineralar, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange
sedimentære bergartar. Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst óg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.