Elektronikk er eit fagfelt innan
fysikken som er retta mot styring av
elektron eller andre
elektriske ladde partiklar i ulike medium som
gassar,
vakuum eller
faste stoff. Elektronikk og elektronisk utstyr vert nytta til å laga, lagra, handsama og flytta elektriske signal av ulike slag. Elektronikk dannar mykje av grunnlaget for det moderne informasjonssamfunnet. Informasjon som skal handterast elektronisk, til dømes trykk eller temperatur, må fyrst setjast om til ei form som er høveleg for elektronisk prosessering (sjå
instrumentering).