Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom
steinalderen (somme plassar koparalderen) og
jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi
bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 %
kopar og 10 %
tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.
(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske
arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)<br\>