Bratsj, eller
altviolin som han òg blir kalla, er eit
strykeinstrument. Det liknar ein
fiolin, men er noko større, og klangen er djupare.
Celloen og
kontrabassen er igjen større og djupare enn bratsjen. Strengene på ein bratsj er stemt i c, g, d
1 og a
1. Det engelske og italienske namnet er
viola, på fransk er det
alto, og på tysk er det
Bratsche. Namnet
bratsj er avleia frå det fullstendige italienske namnet, som er
Viola da braccio (arm-viola), etter koss instrumentet blir halde i kontrast til
Viola da gamba (bein-viola).