Bassgitar,
bass eller
el-bass er eit
strengeinstrument som ein speler med fingrane eller eit
plekter. Den fyrste elektriske bassgitaren såg dagens lys allereie i 1930. Den blei oppfunnen av Paul Tutmarc, men blei ikkje nokon suksess før Leo Fender og medarbeidaren George Fullerton (i selskapet Fender) lanserte den fyrste masseproduserte bassgitaren i
1951. Dei laga ein bass som blei kalla
Precision bass. Namnet Precision kom av
tverrbanda som delte inn halsen i nøyaktig tonehøgd. Dette gjer det lettare å spele reint enn på ein (bandlaus)
kontrabass.