Theropodar var ei gruppe av tofota
dinosaurar av
biologisk orden Saurischia. Sjølv om dei hovudsakleg var kjøttetande, utvikla ei rekkje theropodfamiliar seg til
planteetarar under
krittida. Theropodar dukka først opp under
carnium-
alderen i
sein trias for omtrent 230 millionar år sidan, og var dei einaste store terrestriske rovdyra frå
tidleg jura til slutten av
krittida, ca 65 millionar år sidan. I dag er dei representerte ved 9 300 levende fugleartar, som utvikla seg i sein jura frå små, spesialiserte coelurosauriske dinosaurar.