Livssynshumanisme,
human-etikk eller
sekulær humanisme er ei grein av humanismen som står for ein ikkje-religiøs måte å sjå verda på. Han oppstod under
opplysningstida som ein reaksjon mot den
kyrkjelege dominansen og autoriteten ved
universiteta og i
staten. Dei første representantane for denne retninga var likevel som regel
kristne. Ein meir vidtgåande form av ikkje-religiøsitet er den
profane humanismen, som er direkte
ateistisk og heilt avviser trua på ein
gud, og som oppstod først på
1800-talet.