Kontinentalsokkel er ei nemning på den delen av eit
kontinent som går ut i havet. Havdjupna i slike område er høvesvis liten. Tidlegare var kontinentalsokkelen rekna ned til ei djupne på 200 meter. Ein annan definisjon er at sokkelen går ut til kontinentalskråninga, der havbotnen skrånar ned mot djupare havområde. I tilhøve mellom
kyst-
statar, vert nemninga «sokkelen» ofte nytta. Yttergrensene geografisk er kanten av kontinentalmarginen. Om det er mindre enn 400
nautiske mil til grunnlinja til ein nabostat, vert avgrensinga av sokkelen mot ein nabostat avgjort av avtalar mellom dei statane det gjeld. Landa kring
Nordsjøen har delt kontinentalsokkelen ved slike avtalar, slik at yttergrensa normalt er midtlinja mellom grunnlinjekanten til statane (midtlinjeprinsippet). Det manglar framleis ei endeleg avtale mellom
Russland og
Noreg om deling av kontinentalsokkelen i
Barentshavet.