Kodoridalen (òg kalla
Kodorigjelet;
georgisk კოდორის ხეობა) er ein elvedal i
Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i
Georgia, og fungerer som ei grense mellom republikken og resten av Georgia. Dei øvre delane av dalen er det einaste område i Abkhasia som den sentrale georgiske regjeringa har kontroll over, og vert kalla
Øvre Abkhazia (georgisk ზემო აფხაზეთი,
Zemo Abkhazeti). Kodoridalen ligg i dei øvre områda av elva
Kodori, nordaust i Abkhasia. Med ei høgd på mellom 1 300 og 3 984 meter dekkjer området over fleire typar landskap. Klima er nesten
alpint og fuktig. I løpet av eit år kjem det normalt 1 600 til over 2 000 mm. Middeltemperaturen varierer frå om lag -3 ºC i januar til 14 ºC i juli.