Havrettstraktaten (på engelsk: United Nations Convention on Law of the Sea(UNCLOS)) viser til fleire hendingar og ein traktat. Hendingane er tre havrettskonferansar i regi av
SN som gav som resultat havrettstraktaten. Havrettstraktaten vart opna for signering i
1982 og var gyldig internasjonal rett i
1994 når 60 land hadde ratifisert avtalen. Havrettstraktaten har skapt universelle reglar for korleis konfliktar med omsyn til bruk av havet skal løysast, kven som har forvaltningsansvar for havområde og rettar til ressursar i internasjonalt farvatn.