OSI-modellen (
Open Systems Interconnection Reference Model) er ei lagdelt abstrakt skildring for utvikling av data- og kommunikasjonsprotokollar . OSI-modellen er utvikla med tanke på standardisering av protokollane på dei ulike laga. «Open Systems» (eng: åpne system) tyder system som er laga for fri kommunikasjon med andre system. Prinsippa som vart lagt til grunn for denne lagdelinga var følgjande:
- Eit lag vart laga når eit nytt abstraksjonsnivå var nødvendig.
- Kvart lag skulle utføre ei klart definert oppgåve.
- Funksjonaliteten til kvart lag vart vald med tanke på å definere internasjonalt standardiserte protokollar.
- Grensene mellom laga skulle bli plassert slik at minimalt med informasjon måtte flyttast mellom laga.
- Antal lag skulle vere stort nok til at heilt ulike funksjonar ikkje måtte plasserast på same lag, og lågt nok til at arkitekturen ikkje vart for komplisert.