Statthalderskapet Ny-Frankrike (
fransk Vice-royauté de Nouvelle-France) var området som
Frankrike koloniserte i
Nord-Amerika, i perioden som startar med utforskinga til Jacques Cartier av Saint Lawrence-elva i 1534, til Ny-Frankrike vart avstått til
Spania og
Storbritannia i 1763. På det største i 1712 (før Utrecht-traktaten) dekka Ny-Frankrike området frå Newfoundland til
Rocky Mountains, og frå Hudsonbukta til
Mexicogolfen. Området vart så delt i fem koloniar, kvar med sitt eige styre: Canada,
Acadia, Hudsonbukta, Newfoundland
(Plaisance)[1]og Louisiana. Utrecht-traktaten gjorde at Frankrike gav opp krava på fastlandsdelen av Acadia, Hudsonbukta og Newfoundland, og oppretta kolonien Île Royale (Cape Breton-øya) som etterfølgjaren til Acadia.