Falklandsøyane (
spansk:
Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrd som eit britisk oversjøisk område. Ein guvernør styrer på vegne av styresmaktene i
Storbritannia.
Argentina gjer òg krav på området. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar. I tillegg til Falklandsøyane, styrer guvernøren òg over øygruppa
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Øygruppa Falklandsøyane ligg i sør i
Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley (Port Stanley), ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og 2 967 innbyggjarar (juli 2003).